Eit snevert og pessimistisk syn om Facebook

Frode Bjerkestrand kallar Facebook for ei «salsbook» i sitt Preik-innlegg. Han er bekymra over at Facebook har utvikla seg til å bli eit sosialt medium for sjølvpromotering og sal. Spesielt framhevar han korleis Facebook no tilbyr ei ordning der ein kan betale for at statusoppdateringar skal nå fram til fleire. Han synes det er forkastleg at folk skal bruke det han kallar for sure oppsparte pengar til sjølvpromotering. Bjerkestrand nemner samstundes at denne ordninga kun er lov i eit par land endå, og kan samstundes ikkje vise til korleis denne ordninga til no faktisk har fungert.

Bjerkestrand har her eit ganske snevert syn på kva Facebook er og kan brukast til.
Det er ikkje tvil om at dette er eit medium med enormt potensiale kva angår informasjonsspreiing og det kan kallar for «snikreklamering». Facebook er lett tilgjengeleg og med dei riktige retoriske verkemiddela kan ein nå ut til mange. Dette treng ikkje berre vere negativt.

Eg har sjølv god erfaring med å bruke Facebook som ein informassjonskanal for å formidle interessant informasjon, samt å sjølv få informasjon som til dagleg kan vere vanskeleg å få med i ei verd som allereie florerer over med mengder av informasjon. Her er det kanskje meir nyttig å tenkje på korleis ein kan bruke Facebook som eit verkty der sjølv kan bestemme kva informasjon ein vil gje ut og kva ein sjølv vil motta.

Ein må sjølvsagt leve med eksponeringa ein får ved at andre likar sider og firma som ein sjølv ikkje likar. Ein vil stadig få informasjon som ein ser på som uinteressant. Det er likevel mogeleg å skru på eller av nokre innstillinger som gjer til at ein slepp å sjå informasjon frå enkelte av venane sine om det blir for plagsomt, så det er mykje ein kan gjere ved å skreddersy sin eiga profil. På ein annan side: om ein først har valt å vere med i eit slikt sosialt medium må ein med det same venne seg til ufrivillig eksponering først som sist. Eigentleg kan eg ikkje sjå korleis Facebook skil seg ut nemnverdig med andre informasjonskanaler i samfunnet. Verda florerer av reklame både når ein går ute, på fjernsynet, eller om ein besøkjer andre nettsider. Ein kan sjølvsagt bli lokka av kva andre likar og skriv, men dette får enkeltinvidet sjølv stå for om han eller ho lar seg lokke av reklamens patos. Ein kan faktisk la vere å bli lokka, ein har da trass alt fri vilje.

For å kome tilbake til det eg først har hevda: Korleis eg har opplevd Facebook som ein positivt stad for formidling av og mottaking av informasjon. Som student har dette vore ei gullgruve kva angår formidling. Eg tenkjer ikkje først og fremst på formidling av mitt private liv, men av interesser og viktig informasjon som eg synes er verdt å formidle til både venar og eventuelt andre interesserte.

Som medlem i fagutvalet for allmenn litteraturvitskap ved UiB, har eg brukt Facebook aktivt for å formidle arrangement og samstundes formidle saker frå andre organisjonar og utval som er av interesse for dei studentane og andre som følgjer sida vår. Å lage hending til fagkveldar har visst seg å vere ein vinnar. Sjølv om vi har andre kanaler som Mi Side har Facebook vist seg å vere meir fruktbar: Dette er fordi nesten «alle» er på Facebook og er flinkare til å sjekke og halde seg oppdatert der enn dei faktisk er på Mi Side. Å lage hendingar fungerar også betre fordi den legg seg inn i ein kalendar, slik at ein stadig får påminning om dette arrangementet, som elles kan vere lett å gløyme i ein hektisk kvardag. At ein samstundes ser at mange er interessert i arrangementet gjer at ein blir meir interessert òg kanskje bestem seg for å reise fordi ein ser at kjente skal. Dette kan vere ein motiverande faktor. Under den siste fagkvelden vår om «psykoanalyse og litteratur» møtte det over heile 50 på ein tysdagskveld, noko som er eit veldig høgt tall for arrangement i tilknytning til enkeltemne på HF. Att vi har formidla dette via Facebook også, har nok hatt mykje å seie for arrangementa og oppmøte. Hendinga hadde over 50 deltakande, og stemte altså overreins med antall oppmøtte. Dette til trass for at det nok var nokre av dei deltakande som ikkje kom, og sjølvsagt nokre utanom Facebook som også kom. Men det gav oss ein god peikepinn på kva vi kunne forvente, og dette stemte.

For å snu litt på flisa så har eg nytt godt av informasjonen eg har motteke av å vere på Facebook. Eg har faktisk nytt svært godt av Facebook som informasjonsarbeidar på turistinformasjon i sumar. Sjefen har oppfordra oss medarbeidara til å bruke Facebook på ein positivt måte. Vi fekk støtte i å lage ein eiga side for vår turistinformasjon, noko som har vore nyttig. Ved å like andre reiselivsbedrifter har vi fått ein tilpassa nyhendestraum der vi har motteke informasjon frå andre aktive reiselivsbedrifter. Alt frå informasjon om ledige hytter, opningstider og dagens rett har vore god informasjon for oss i vårt arbeid. Vi har ved å vere på Facebook, fått informasjon på kort tid som har vore tidsbesparande. Dette er informasjon vi elles kanskje har måtte tileigne oss gjennom meir tidkrevjande kanaler. Til dømes gjennom telefonsamtaler eller uoversiktlege googlesøk. Vi har då kunne konsentrere oss om andre oppgåver, og turistane har i tillegg vore nøgd med å kunne raskt kunne få svar på enkelte spørsmål. Vi har samstundes også brukt sida til i reklamere for breturar og andre attraksjonar, men denne biten er nok endå litt minimal, då vi ikkje har så mange tilhengera endå. Alle monner drar likevel, og gradvis vil dette verktyet verke nyttigare i tida framover.

Dette er ein av få døme på korleis Facebook kan vere eit positivt sosialt medium. Det er sjølvsagt slik som med mange andre medium at det er skyggesider. Det er alltid nokre som ikkje heilt veit å te seg, og uønska eksponering av privatliv og snikreklame er nok ein del av denne kvardagen òg. I tillegg kan Facebook vere farleg fordi ein kanskje ubevisst utelukkar informasjon fordi den ikkje er der, og samstundes er ukritisk til informasjonen. Ein god porsjon sunn fornuft og kritisk blikk bør ein ha, men dette gjeld då generelt i livet og utmerker seg ikkje naudsynt for Facebook.

Bjerkestrands bekymring er ikkje ein god nok grunn nok til å boikotte Facebook, i staden bør ein heller prøve å sjå korleis ein kan snu desse negative trendene og samstundes overbevise om korleis Facebook kan vere positivt. Sjølv om kanskje det amerikanske selskapet har ein styrande struktur for snikreklamering, er det mogeleg å snu denne operasjonen ved å bruke Facebook på ein meir fruktbar måte. Det er vi som fornuftige brukera som må vise korleis vi vil at Facebook skal vere.

Streik eller strek i regninga?

Eg sit her ved skrivepulten min ein sundags ettermiddag. Sola pressar seg inn gjennom vindauge, medan eg har haudet dukka ned i ei skrivebok. Nett no skal det forestille eit tankekart over Friedrich Hölderlins biografiske liv. Dette er sin slags forberedelse til den muntlege eksamenen som ventar meg i slutten av neste veke.  Forhåpentlegvis. Dette forutset at Unio klarer å bli einige om lønnsforhandlingane, og medlemmane kan gå tilbake til arbeid.

Eg meinar, eg sit her eigentleg med notatar av Hölderlin, medan hjernen er ein anna stad. Får eg tatt eksamen, er streiken slutt eller kan det vere at streiken gjer til at eksamen må utsetjast igjen eit par nye dagar? Ja, for eigentleg skulle eksamen vere fyrstkomande onsdag, men av endå ukjende årsaker (mystisk sjukdom ved eksaminatorene, er dette tilfeldig?) er den altså bli flytta til fredag. Altså har eg allereie blitt snytt for to dagar med ferie, men på ein anna side har eg jo fått to daga meir å lese på. Men så er det så mykje uvisse med denne streiken, at motivasjonen har dala dei siste dagane.

Eksamenskonsentrasjonen heng på tynn tråd. Eg er lei av å ikkje ha greie på kva som skjer. I tillegg byrjar alle feriestatusane å tære på, motivasjonen dalar automatisk eit par hakk. Det gjekk fint i byrjinga, sidan det då ikkje verka så lenge att til ferien. Men nett no er det som den er hundre år unna. To daga lenger på pinebenken kjennas ut som fleire veker. Tida dei tre siste dagane har gått utruleg seint, ein dag er som tre dagar. Så kjem tanken om at den kan bli utsatt endå nokre dagar. Skal eg verkeleg sitje om ei veke og nok ein gong vente på eksamen? Ein får eksamensdepresjon av mindre.

Alle seier: Neida, det går sikkert fint, streiken råker ikkje universitetet, og den er over lenge før din eksamen. Dette tenkte eg òg, heilt til vi byrja å få mange urolege meldingar på Mi side om utsetjing av eksamen grunna sjukdom og streik. Allereie ein heil haug med studentar som skal ha prøveforelesingar, har blitt flytta ei veke fram, grunna streik. Dei er ikkje ferdig før 11. og 12., om alt no går etter planen.

Dette høyres jo eigentleg ikkje så seint ut, om ein samanliknar det med semestera på vidergåande og grunnskule. Men dette er universitetet, semesterane er kortare og meir intense, eksamensjaget har byrja for lenge sidan og jo lenger det varar, dess meir slitsomt er det. Lesesalene er plutseleg byrja å bli tomme gravplassar, og når ein sit der og framleis les, kjennes det litt ut som alle andre er på fest medan ein må sitje å lese. Friheiten er ikkje langt unna, men den er som ein fjøyr som kitlar og tergar.

Det verste scenarioet er jo at ein aldri får tatt eksamen før sumareferien, og må ta den att til hausten. At ein til og med må skrive ei heilt ny bacheloroppgåve. Tanken er deprimerande. Å gå å tenkje på ein eksamen heile sumaren, er ikkje så kjekt. Dette fekk eg smerteleg erfare i fjor, sidan eg var sjuk på den eine eksamen og måtte ta den att rett over sumaren. Eksamenssamvitt og jobbing heile sumaren, dette er ikkje akkurat kjekt. Nei, fjorårets sumar har eg lagt bak meg, la ikkje streiken gjere slik at eg skal gå gjennom endå ein sumar med pensum på skuldra.

Kva er poenget med streik? Dette har eg spurt meg om mange gongar den siste tida. Det er eit prinsipp, det handlar ikkje om ein ekstra tusenlapp i året, seier fagforeingane. Prinsipp ja, men er ikkje dette prinsippet litt for utvatna for dagens samfunn? Skal det verkeleg vere så vanskeleg å bli einige om lønn? Er streik eit maktmiddel som eigentleg fungerar? Korleis skal ein påvise denne effekten? Skal det verkeleg vere naudsynt å råke uskuldige partar som ikkje får att for streiken? Skal det vere greitt at usemje basert på ein miliprosent skal vere grunnen til at mange studentar ikkje får tatt eksamen? Er det rimeleg å krevje ein tusenlapp meir i året, når ein prøvar å rette seg etter den økonomiske krisa i Europa? Er det rimeleg at turistar som kjem frå økonomisk krise, og har spara for å få draumereise i Noreg, skal få ferien sin øydelagt grunna ein prinsipiell streik? Har vi det for godt i Noreg, er dette som er problemet? Krevjer vi berre for å bli endå meir kravstore?

Dette er tankar som eg har gjort meg dei siste dagane, og som stjel ein god del eksamenskonsentrasjon. Det er ikkje lett å skulle analysere Hölderlin, og samstunes spekulere i om ein får mogelgheiten til å ta eksamen til normert tid. Det beste er vel kanskje å la vere å tenkje på dette, men det er lettare sagt enn gjort.